tirsdag 30. november 2010

Handlingsreferat av boka "Mercedes".

Boka er om ein gut med namnet Pål som bor på ein aude øy med sin far og sin mor. Boka byrjar med at det var jul, og vi får høyre om familietrøbbel heime hos Pål. Vi finn fort ut at faren hans ikkje er heilt normal, og at han slit psykisk. Heilt i byrjinga av boka 2. juledag drog mora bort. Ho berre gjekk ut, utan å seie nokre ting om der ho skulle. Pål lurte lengje på kor det hadde vorte av mora si, medan faren eigenleg endå ikkje heilt hadde skjønt kva som hadde hendt. Heime hadde dei ein eigen butikk der dei selde bøkar om antikvariat.

4. juledag avgjer Pål seg for å kome seg ut litt, han tek bussen inn til sentrum og går av ved ein populær snackbar, der han endeleg skal ete noko anna enn julemat. På snackbaren vart han kjent med ei jente som heitar Mercedes. Dei gjekk no saman nedover gata og fann ut at dei like gjerne kunne dra innom kinoen saman.
Eit bel etter at Pål hadde kome heim igjen kom det ein kunde inn i butikken dems som heitar Fred, han byrja å stjele med seg mange bøker. Han bere fortsette å tek med seg bøkar heilt til faren til Pål kom med ein hammar i handa, og slo han ned. Dei tok han med seg i bagasjerommet på bilen hans og køyrde han på søppelfyllinga. På kvelden fann faren til Pål ut at Pål skulle få ta over butikken etter kvart, men at han frå neste dag skulle byrje å jobbe som foretningsmann i staden for å fortsetje på skulen igjen etter nyttår.

Neste dag hadde Pål ein avtale om at han skulle møte mora si på kaféen Molviks Conditori. Mor fortalde han at ho ikkje kom til å flytte heim igjen. Ho klarte ikkje meir av problema til faren. Same dagen møtte Pål jenta Mercedes på same stad som han møtte ho på sist, altså på snackbaren. Dei åt ein hamburger kvar, også drog dei opp på Drakehagen for å snakke. Pål vart med Mercedes heim. Pål fann fort ut at ho ikkje hadde nokre særleg normale foreldre ho heller. Faren hennar med namnet Kjell dreiv å slo Mercedes, medan mora ikkje gjorde noko med det. Ho sto berre å suttera kvar gong det skjedde. Mercedes flyttar difor inn hos Pål etter kvart.

Nyttårsaften hadde allereie vore, og dagen kom då Kjell som var ste faren til Mercedes kom innom butikken heime hos Pål. Han var fly forbanna og sa til Pål at han måtte ikkje tru at Mercedes kunne gøyme seg her. Men det tok ikkje lange tida før også han låg sidelengs utover golvet. Faren til Pål sto nøgt med hammaren heva, nett som forrige gong. Nett som det var køyrde dei også han på søppelfyllinga, akkurat som forrige gong. Men denne gongen var det i dei sin eigen bil.

Seinare på dagen møtte Pål tilfeldigvis mora si, og ho viste han der ho heldt til. Det var i ein bokhandel, ho hadde fått sin eiga "Hilde bokhandel" som ho dreiv med venninna Molla. Då Pål kom heim igjen var huset heilt tomt. Ingen Mercedes og heller ingen far å kome heim til. Etter eit lite bel ringte telefonen, og det var frå sjukehuset. Stemmen i telefonen fortalde at dei hadde vore å henta faren, altså fordi han var psykisk sjuk og at han ikkje kunne bu heime lengre etter å ha slått ned to stykke med hamar og køyrt dei på søppelfyllinga. Pål var heilt åleine heilt til Mercedes plutseleg dukka opp midt på natta. Ho var iskald, såg dei laga kakao og sette seg i badekaret. Morgonen etterpå var ho borte igjen.

Boka avsluttar med at dei finn Mercedes i eit gammalt lagerbygg nede ved jarnbana. Ho hadde straks vorte køyrt på sjukehuset og ho hadde akkurat klart å nemne namnet sitt før ho hadde vorte borte i sitt eige mørke. Pål var innom sjukehuset kvar dag, omtrent heile tida. Han hadde det ikkje lett for tida. Han byrja aldri på skulen igjen etter nyttår, og måtte no drive butikken sjølv.

mandag 29. november 2010

Nynorsk

Eg valde boka
"Mercedes" av Ragnar Hovland.